Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulukke i Leikanger- bil på taket

Artikkelen er over 1 år gammel

Alle naudetatar rykte søndag kveld ut etter melding om at ein bil har køyrt av vegen og hamna på taket på riksveg 55. Ulukka har skjedd mellom Neset og Verken på vegen mellom Leikanger og Hella omlag klokka 17.40. - Det var ein person i bilen. Personen framstår som uskadd, men prega, og vil få tilsyn av helse på staden. Bilen har kome utanfor vegen, fått eit løft og har fått store skadar, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker ved Vest politidistrikt.Vegtrafikksentralen opplyser at det er redusert framkome forbi ulukkesstaden.Rundt klokka 19.30 vart vegen opna for fri ferdsel.

Kommentarer til denne saken