Trafikkulukke i Gulen - frakta vekk i luftambulanse

Publisert 12.06.2019 kl. 11.13. Oppdatert kl. 11.25.

Naudetatane har rykka ut til ei trafikkulukke på fylkesveg 4 ved Mjåsund bru i Gulen, opplyser Vest politidistrikt på twitter like over klokka 10.00. Eit køyretøy skal vera involvert.


 - Bilen har køyrt av vegen. Sjåføren er ute av bilen og skal vere bevisst, opplyser politiet.


Vegen var stengd i ein kort periode i samband med at luftambulansen landa på staden. Føraren av bilen blir flydd på Haukeland sjukehus i Bergen.


Politiet driv med etterforsking på staden.


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida