Vest Politidistrikt melder på Twitter måndag kveld at ein personbil og motorsykkel har kollidert på E16, i nærleiken av campinga i Flåm. (Foto: Anders Veum)

Trafikkulukke i Flåm: Bil og motorsykkel har kollidert

Motorsyklisten er sendt til Førde i luftambulanse.

Publisert 30.07.2018 kl. 20.14. Oppdatert kl. 21.10.

Vest Politidistrikt melder på Twitter måndag kveld at ein personbil og motorsykkel har kollidert i Flåm. Ulukka skjedde i Nedre Brekkevegen på fv. 245. 


- Politiet fekk melding om ulukka klokka 19.57. Motorsyklisten skal ha blitt kasta av sykkelen og flaug av garde. Det vert melde at vedkomande landa nede ved elva, men at han kom seg opp att på eiga hand og er oppegåande, seier operasjonsleiar Lars Geitle ved Vest politidistrikt.


Klokka 20:53 melder Helse Førde på Twitter at motorsyklisten, ein mann, er sendt til Førde i luftambulanse. 


Politiet har utført etterforsking, og opprettar sak på hendinga.


- Bilbergar er på staden og vegen er open, seier operasjonsleiar Geitle.