Klokka 09.37 torsdag melder 110 Vest om ei trafikkulukke på fylkesveg 55 ved Ese, mellom Balestrand og Dragsvik.

Éin bil med fem personar skal vera involvert.

Naudetatar er på veg.

– Ingen personar skal vera fastklemde og alle er kome seg ut, men det er ein del materielle skader på bilen, seier Trond Landaas ved 110-sentralen.

Markøren viser ikkje den nøyaktige posisjonen til ulukka.