Klokka 12:46 melder 110 Vest om ei trafikkulukke på Bakkavegen i Aurland. Ein bil og ein motorsykkel er involvert.
Motorsyklisten skal vera bevisst. Mannskap frå Aurland Brannvern er sendt til staden. Politi og ambulanse er på veg.
Hendinga skjedde på vegen ut frå Gudvangen til Bakka. Det er ikkje snakk om høg fart. Bilførar er uskadd.