Ein MC og ein bil har vore involvert i ei trafikkulukke mellom Øvre Årdal og Årdalstangen onsdag ettermiddag. Politiet fekk melding klokka 13.34.
Politiet melder at førar av motorsykkelen er vaken, men utover det er skadeomfanget ukjent. MC-føraren vart send til sjukehus.
Vegen var stengd ei stund, men det vart meldt like før kl 17 at vegen var open att.