Ein bil har køyrd i fjellveggen mellom Sogndal og Leikanger, skriv, Vegtrafikksentralen på Twitter.

Ulukka vart meldt inn 13:02 til politiet. Ein bil skal køyrd i autovernet og inn i ein fjellvegg i 60 sona like før Hermansverk.

– Det er ikkje i ulukke, men eit uhell. Ein bil og med ein person er involvert, men det er ikkje snakk om skade eller behov for lege, seier Frode Kolltveit hjå politiets operasjonssentral.

Årsaka er ukjend.

– Me har snakka med bilførar og bilbergar er på staden og fjernar bilen no, seier Kolltveit klokka 13:38.