Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkuhell i Lærdalstunnelen

Naudetatane rykkjer måndag kveld ut til trafikkuhell på E16 Lærdalstunnelen.

Vest politidistrikt melder om at ein bil har køyrt inn i ein ledebil. Meldinga kom like før klokka 22.

Det er ikkje meldt om alvorlege personskader og naudetatane er på veg.

Tunnelen er stengt på grunn av uhellet, opplyser vegtrafikksentralen.

Klokka 23 opplyser operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt at det i bilen som køyrde i ledebilen, var det ein person, denne var ikkje skadd og hadde dermed ikkje behov for ambulanse. Bilbergar er på veg.

Følg med på trafikkmeldingar frå Statens vegvesen

Kommentarer til denne saken