Klokka 05:44 vart det først meldt om eit trafikkuhell mellom to bilar på Naustdalsvegen på riksveg 5 i Førde. Vest politidistrikt skriv på Twitter at skadeomfanget er ukjend, men at det ikkje verkar alvorleg.
Når ambulansen er på staden rett før klokka 06 blir det klart at det er ein bil og ein fotgjengar som er involvert. Fotgjengaren skal vera medviten.
Om lag 10 minuttar seinare er politiet på staden. Dei første vitneforklaringane dei får peikar på at ein fotgjengar skal ha sprunge inn i ein anna bil.
Seinare viser det seg likevel at det er to bilar som er involvert, men dei har ikkje kollidert. Det har oppstått usemje mellom bilførarane og føraren av den eine bilen skal ha gått ut og sprunge inn i den andre. Det skriv politiet på Twitter rett før klokka 06:30.
Firda får opplyst på staden at ein person er sendt til sjukehus for sjekk.