Ein tipsar melder om utolmodige bilistar som tutar.

– Det er kraftig regnvêr. I eit tettbygd strøk er det fint om folk tek omsyn til mjuke trafikantar. Det blir gjerne ein del overflatevatn også. Så då må folk avpassa farten, er rådet frå trafikkoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen vest.

Dei har ikkje fått inn melding om saktegåande trafikk i Sogndal, men trur det skuldast vêret.

– Dette skjer også i Bergen og Stavanger på slike dagar.

Ein anna grunn til at det stoppa opp, er gravearbeid i Fjøra. Regnet hadde laga djupe holer, som måtte fyllast i før trafikken kunne flyta igjen.

Rasvêr og overflatevatn

Det er ikkje berre i tettbygde strøk at folk må ta det med ro.

– Dette er det me kallar rasvêr. Det er meldt vind og kraftig nedbør. Når det skjer så kan det koma steinsprang, jordskred, eller tre som går over ende. Det er framleis lauv på trea og då er det større vindfang i dei. Så det kan skje litt av kvart, seier Sleire.

Han ynskjer ikkje å dramatisera situasjonen på vegane, for slikt vêr høyrer hausten til. Men ei viktig oppmoding har han.

– Folk må følgja med både på vegmeldingar og vêrmeldingar. Følg gjerne med på nettaviser også. Det gjeld både i dag, og dagane framover mot helg, seier Sleire.

Vegmeldingar finn du på 175.no her.