– Det har vore krevjande fordi det ofte er lite pengar å rutta med. Det manglar som regel mellom 100.000 og 200.000 kroner i budsjetta, seier Kyte.

Han kjem opphavleg frå Voss, men er no inne på sitt sjuande år som student i Sogndal. Studentmiljøet tykkjer han er bra, men det har vorte tøffare kamp om pengane.

Meir om det seinare.

Byrja med eit årsstudium, men vart verande

– Eg søkte meg eigentleg til Oslo då eg var ferdig på vidaregåande, men heldigvis hadde eg ikkje gode nok karakterar. Eg hadde Sogndal på tredjeplass i søknaden min og hadde aldri vore her før eg kom som student, fortel Kyte.

Han byrja på eit årsstudium i idrett. Seinare har han teke fleire årsstudium, ein bachelor i kroppsøving og skriv no master om fotball og berekraft. Han har vore innom omtrent alle studieretningane ein kan på ein høgskule.

Mange av dei han møtte første året i Sogndal valde òg å bli verande. Når Kyte går gjennom høgskulen og tenkjer over tidlegare medstudentar fortel han at dei er blitt som spøkjelse i hus.

– Men i år er det ein god del utskiftingar for min del.

– Kva gjorde til at du blei verande?

Det har vore veldig god trivsel her, alle eg har møtt av ungar, ungdommar og vaksne har vore kjekke. Ein annan ting er at eg ikkje har kunne førestilt meg noko betre alternativ.

Den frivillige innsatsen har gått ned

Sjølv om dei ulike skulefaga har kravd sitt har Kyte likevel funne tid til ulike verv. I haust har han kutta ut nokre, men han er framleis leiar for Studentspretten idrettslag og Trivselssentralen på høgskulen, som arrangerer sosiale samkomer med låg terskel. Han er også trenar for 4–7. klasse og gutar 17 år i Sogndal Fotball.

Både Studentspretten og idrettslaget vart hardt råka av korona, og fokuset for Kyte har vore å bygga opp att begge organisasjonane.

– No har eg eitt år att og har lyst å leggja eit godt grunnlag for dei som skal driva organisasjonane vidare. Det har gått veldig tregt med medlem so langt i år, det er det me manglar. Men fundamentet er her.

– I tillegg merkar me at den frivillige innsatsen har gått ned.

Lite pengar å rutta med

På spørsmål om kva som har vore det beste med å vera student i Sogndal svarar Kyte følgjande:

– Det er moglegheitene som er her. Om me vil noko får me hjelp til det, ein kan tora å drøyma og sjå at det går an å få til ting.

Men han ser også rom for forbetring. Særleg no som fleire studentorganisasjonar er med å kjempar om dei same midlane.

– Kommunen, Saman og HVL kunne vore med å leggja betre til rette økonomisk for studentane. Spesielt sett i lys av den siste studentundersøkinga. Eg trur ein vil få mykje att med meir pengar til studentorganisasjonane.

– Kva kan ein gjera med det?

På kort sikt ynskjer me dei nemnde aktørane meir på bana. Samstundes er det regionale forskjellar. No er det ein høgskule fordelt på fem campus der nokre får veldig god hjelp medan andre får mindre. Det har me fått bekrefta frå tidlegare leiarar på høgskulen.

Snart brukt opp alle åra med studiestøtte

No skriv Kyte masteroppgåve med tema fotball og berekraft. Kort fortalt kartlegg han korleis fotballklubbar på nasjonalt nivå i Norge utviklar seg for å verta meir berekraftige.

Etter den er levert ser han føre seg å pakka ned studenthybelen.

– Eg veit ikkje heilt kvar eg skal, men det skal ein del til for at eg blir verande. No har eg snart brukt opp alle åra med studiestøtte.

Han minner om at steget frå å vera student til å bli fastbuande er stor. At han vender heim til Voss og tek over familiegarden er ikkje usannsynleg.

– Det kan vera greitt å koma heim og finna roa litt.