Fres Festival har no fått to nye band, Torgeir Waldemar og Sløtface, til sommarens festival. Torgeir Waldemar har etablert seg heilt i toppsjiktet av rocka, norske trubadurar. Sløtface frå Stavanger har forlengst markert seg på det norske punkpop-kartet, skriv Fres Festival i ei pressemelding.- Me er strålande nøgde med å ha sikra oss desse to perlene til Fres Festival 2020. Når plakaten allereie inneheld Kråkesølv, Brenn. og Tøfl, så er det lite tvil om at plakaten for 2020 ligg an til å verta ein av dei kvassaste me nokon gong har sett. Billettsalet er i gang allereie, og me vil vel ikkje seia anna enn "skjegg", "postkasse" og ver kjapp om du vil unngå den leie kombinasjonen av desse to, seier festivaladmiral Gunnar Husabø i ein pressemelding.