– Eg køyrde bil og plutseleg mista eg delvis synet. Eg hadde ingen stad og stoppa, men då eg køyrde til Marifjøra, stoppa eg på busstoppet der, fortel Tommy.

Der ringde han Nina.

Kva som skjedde etterpå den morgonen 21. april i år hugsar ikkje 54-åringen. Men i etterkant har han tenkt mykje på kor flaks det var at han fekk tak i kona.

– Eg kunne ha vore på jobb, seier ho.

– Ja, eller i dusjen. Tenk om du ikkje hadde teke telefonen.

Kunne ikkje prata

Der Tommy sitt minne kjem til kort, overtek Nina Hauge Sørensen. Ho var heime på Hestnes på Hafslo og forstod først ikkje alvoret då mannen ringde.

– Eg høyrde han var engsteleg og eg spurde kvar han var. Eg tenkte det ikkje var så alvorleg først, kanskje kunne det vera migrene.

Nina kom fram til Marifjøra i 8-tida. Der møtte ho ein Tommy som ikkje klarte å uttrykkja seg.

– Han klarte ikkje prata. Eg trur han kjende meg att og ville gestikulera, men det var vanskeleg å få deg ut av bilen og inn i min bil, seier ho.

Livstruande tilstand

Så gjekk alt kjapt. Ho ringde legekontoret i Gaupne. Ut frå det Nina fortalde, forstod dei det var alvorleg. Med Nina bak rattet bar det til legekontoret. Då Tommy skulle ut av bilen, var beina som gele.

Nina seier det var mistanke om hjernebløding, blodpropp eller epilepsi. Dei måtte uansett vidare. Ho og Tommy vart frakta i ambulanse til Lærdal sjukehus.

– Der stod 10–12 personar klare. Det blei CT-undersøking for å undersøkja om det var hjernebløding.

Det vart også teke CT av hjarteområdet. Den avslørte at det var rift i hovudpulsåra ved hjartet. Ein livstruande tilstand.

Luftambulansen kom og frakta Tommy til Haukeland universitetssjukehus. Det var ikkje plass til Nina, ho måtte køyra etter i bil. Nina og Tommy har tre gutar. Eldstemann Simon var i militæret, medan dei to yngre var på vidaregåande og ungdomsskulen denne dagen.

Dette skulle bli heilt avgjerande for utfallet og har gjort at Nina og Tommy verkeleg har gjort seg opp tankar om kor viktig det er med kjapp hjelp når uhellet er ute, langt frå eit stort sjukehus.

– Eg tenkte kjapt på om dei skulle vera med, eller om eg skulle reisa åleine.

Valet fall på å køyra åleine. Gutane varsla ho på telefon. Dei kunne vera hjå besteforeldre i Gaupne. Då ho kom til Voss, fekk ho vita at operasjonen hadde gått bra og at Tommy var på oppvakning.


Kjølte ned kroppen

Først etter operasjonen gjekk det opp for Nina kor alvorleg situasjonen var. For å få stoppa blødinga og gjennomført operasjonen måtte Tommy kjølast ned til 23 grader. Sidan dette var ein hasteoperasjon, har han no eit stort arr på brystet. Her måtte fagfolka koma raskt til hjartet og stoppa det. Inga tid til å gjera snittet vakkert.

– Me har forstått at berre det å bli kjølt ned, kan vera risikofylt, seier Nina.

Tommy låg tre veker på Haukeland. Deler av hovudpulsåra er bytt ut med plast. Han fekk også komplikasjonar og store smerter etter inngrep knytt til eit dren i ryggen.

Nina og Tommy får ikkje rosa helsevesenet nok. Frå mottakinga lokalt i Gaupne, i Lærdal og på Haukeland. Og hjelpa dei framleis får til å takla dagane.

– Det er utruleg kor dei spring. Eg er sjokkert over kor god hjelp me har fått. Trass i at dei hadde det travelt, hadde dei likevel tid til å køyra meg i rullestol til kiosken for å spandera is på sjukehuset. Fantastisk!, seier Tommy.


Svimmel av oppvaskmaskina

Som nemnt hugsar han lite frå dagen han blei akutt sjuk.

– Eg hugsar eg måtte finna Nina. Det stod mange rundt meg, men eg skulle berre ha kona mi, seier han om det første minnet frå sjukehuset.

Då sønene Isak og Jakob kom, stod det tre stolar klare. Dei opplever at heile familien har blitt inkluderte i det som har skjedd. Nina kjende seg åleine på sjukehushotellet. Men ein dag dukka det opp eit kjent fjes, som skulle bety mykje.

– Eg hadde ikkje nettverk i Bergen, men då var det fint å koma i snakk med nokon, ha nokon å eta frukost med.

Dei to har galgenhumor og på sjukehuset oppstod det episodar dei kan le av i dag. Tommy er dansk, difor trudde sjukehustilsette det stod dårlegare til med han då han opna munnen for å prata.

– Eg prøvde å snakka, men dei forstod ingenting. Nina måtte forklara at eg er frå Aalborg.

Samstundes har sognedialekten sett sitt preg og Tommy snakka om ilt. Det betyr oksygen på dansk, så det gjorde ikkje situasjonen lettare for helsepersonellet.

Gradvis byggjer Tommy seg opp fysisk og har god hjelp av mellom anna fysioterapi etter han kom heim. Frå å berre liggja på sofaen, kan han no gjera lett husarbeid utan å bli svimmel. Å vera sosial er framleis krevjande. Han har også delteke på fotballtrening med sonen. Men 17. mai-feiringa sette han ut av spel.

– Akkurat det var ikkje så lurt, smiler dei.

Kjenner på redsle

Etter omveltinga har det også skjedd endringar mentalt. Tommy er redd. Redd for at liknande skal skje igjen. Redd for å døy og redd for at det skal skje noko med Nina eller borna.

– Eg er utruleg kontrollfreak ovanfor ungane. Eg må vita kvar dei er. Det skal heller ingenting til før eg byrjar grina.

Før den dramatiske dagen, var Tommy under omskolering. Ein vond arm gjorde det vanskeleg å halda fram som målar hjå Frækaland målarservice. Han var i ferd med å finna ny yrkesveg på Grandmo i Gaupne. Gamle kollegaer har han halde kontakten med. Å treffa dei att, gjorde godt. Samstundes er det svært utmattande å vera sosial. Nokre timar med vener kan krevja total ro dagen etter.

Byggja seg opp mentalt

Tommy er takksam for å ha overlevd. Takksam for å ha Nina og gutane. No må livet puslast på plass att. Han gjekk ned 15 kilo etter operasjonen og kroppen må byggjast opp att. Vel så viktig er det å få det mentale på plass att. Ekteparet er klare på at det fysiske og det mentale går hand i hand. Begge deler må sakte, men sikkert koma i balanse att.

– Me er begge opne av natur. Undervegs har me skrive på ei facebookgruppe for vener og familie. Nettverk er viktig. No viktig å prata om psykisk helse.

Tommy skal snart på hjarteopptrening på Nordfjordeid. Der skal Nina bli med. Han skal også få hjelp til å sortera tankane.

– Eg må øva meg på å bli pusha. Og finna ut kvifor eg er redd.

– Der har dei også hjartestartarar lett tilgjengeleg. Det er for Tommy og andre ikkje skal uroa seg unødig, seier Nina.

Omsorg for kvarandre

I denne prosessen har dei også hatt god hjelp av psykisk helsehjelp Luster kommune kan tilby. Gutane har også vore med, snakka om det som har skjedd og korleis sjå framover.

Nina trur faktisk gutane har kome nærare kvarandre etter at faren blei sjuk. Dei pratar ofte i lag og heile familien er meir samansveisa.

– Me har opplevd at dei har fått stor omsorg for kvarandre. Dei var her då eg var på sjukehuset. Dei måtte ha omsorg for kvarandre, for då hjelpte dei meg også. Eg trur det har gjort noko med dei som brør, at dei fekk ei modenheit me kan vera stolte over.

Tommy prøver finna ein balanse. Han har søvnproblem og kjenner på smerte her og der, men ynskjer ikkje ta for mykje medisin. Han er redd for å bli avhengig og reflekterer iblant over om noko av smerta han kjenner, er innbilt. Kanskje stammar det frå at han er uroleg. Han ser fram til opptreningsopphald og å ta ordentleg fatt på nyejobben.

– Målet er å koma meg i 100 prosent jobb att.

Steg for steg tek han meir ansvar for medisin og rutinar sjølv. Men han veit det tek lang tid.

– Stakkars dei som er åleine når slikt skjer. Eg veit ikkje kva eg skulle gjort utan Nina. Legen kommenterte då eg kom åleine, at det var godt eg kunne klara å koma til time utan Nina, smiler han.

Han har ikkje lov til å køyra bil og når Nina er på jobb og borna på skule, er han åleine i huset. Han må kvila mykje, men det kan også vera einsamt. Og i takt med at forma betrar seg litt, er det kanskje litt keisamt også? Han saknar å ha prosjekt på gang, organisera og ha oversikta. At han er i ferd med å finna sitt gamle eg, kan synast på tunet. Der står ein hengjar, som gradvis blir fylt av diverse som skal kastast.

– Eg legg noko der sånn inni blant, smiler han.

Sommaren utan planar

Sommaren skulle bydd på Mods-konsert i Stavanger og Imagine Dragons i Bergen. Slik blir det ikkje.

– Me trivst godt heime og kan ta småturar og vera sosiale. Me er kjempeglade for å bu her på Hafslo, me klarer oss utan turar i år. Det er klart; eg som er frisk vil nok kjenna på det. Men Tommy aksepterer at eg finn på ting med vener, seier Nina, som legg til at yngstemann Jakob skal på Norway Cup. Ho understrekar at dersom dei spør om hjelp til noko, er det mange ja- menneske rundt dei.

– Men eg trur du kvir deg litt for å spørja?, seier ho.

Tommy nikkar. Det er noko med å klara seg sjølv.

Eit rolegare liv også for Nina, er det ein liten pris å betala. Tommy overlevde. Men ho tenkjer ikkje på kor ille det kunne ha gått.

– Eg har aldri vore ein person som tenkjer på kva som kunne skjedd. Eg klarer ikkje tenkja på at han kunne døydd. Men det var knalltøft då gutane kom på besøk på sjukehuset.

Norsk Luftambulanse

  • Ideell organisasjon som jobbar for å flytta avansert, livreddande medisinsk behandling ut til pasienten
  • Over 300.000 støttemedlemmer og verksemder
  • Luftambulansetjenesten HF har det overordna, operative driftsansvaret for luftambulansetjenesten i Noreg, som består av ambulansefly og legehelikopter. Føretaket blir eigd av dei fire, regionale helseføretaka
  • Står mellom anna bak appen hjelp 113
  • Tenesta har 14 ambulansehelikopter på 13 basar: Arendal, Lørenskog (2), Ål, Dombås, Stavanger, Bergen, Førde, Ålesund, Trondheim, Brønnøysund, Harstad (midlertidig), Tromsø og Kirkenes, i tillegg til ambulansefly
  • (Kjelde: Norsk Luftambulanse)

Brenn for tilbodet i distrikta

Nina jobbar i Notsete barnehage i Sogndal. I starten var ho naturleg nok uroa for mannen som var åleine heime.

– No tykkjer eg det er fint å gå på jobb og han veit han kan få tak i meg på telefon om det er noko.

Begge har opplevd kreft i nær familie. Tidlegare har kreftsaka og lokalt Røde Kors vore to hjartesaker for dei. No har dei fått ei til.

– Norsk Luftambulanse. Utan helikopter den dagen, hadde det ikkje gått bra. Når me bur her i Indre Sogn, langt frå større sjukehus, er me heilt avhengige av helikopter.