Politiet måtte rykkje ut til eit hotell i Måløy like før klokka tre natt til onsdag etter at dei fekk melding om ei valdshending.
Ein mann i 30-åra vart arrestert etter å ha tatt kvelartak på ein anna mann og laga ordensuro inne på hotellet.
Fornærma i saka er ikkje skadd, men mistenkte er innsett i arresten, melder Vest politidistrikt.