– Heilt enormt. Det er bra liv her.

Kjetil Torvund, Odd Harald Larsen og Jørgen Asperheim er tre av fleire hundre årdøler som tok turen til Samhold og Bakeriet scene palmelaurdag.

Bildeserie

Stor stemning under Påskerock: – Heilt enormt

– Det er moro. Alle føler på det, sjølv om ikkje alle viser det . Og det er tre år sidan sist eg var på Påskerock, seier Kjetil.

– Det er første gongen min på Påskerock, og det er heilt strålande, seier Odd Harald.

– Fordi?

– Det er jo rock, det er livemusikk, det er noko som skjer og det er koseleg. Godt å koma seg ut.

Dundra gjennom

Kvelden starta med vorspiel i form av S-T-R-A-M T-E-V inne på den vesle scena på Samhold. Så var det pause i musikken og ein del forfriskingar for dei fleste fram til Cumrades gjekk på hovudscena Bakeriet klokka halv elleve.

Cumrades dundra gjennom eit sett av låtar i den tyngre rockesjangeren, som Kvelertak og Turboneger. Vokalist Bjørn Havro spara ikkje stemmebanda, her skulle det ikkje haldast att på noko.

Etterpå var Kjetil, Odd Harald og Jørgen klare for headlineren.

– Funky Monks er liveattraksjonen. Du høyrer Red Hot Chili Peppers-songen no, seier Kjetil.

Dermed var coverversjonen av «By the way» i gang. For Funky Monks spelar berre Red Hot Chili Peppers. Og det gjer dei svært bra.

– Imponerande, var dommen som gjekk att blant publikummarar som svirra rundt Sogn Avis sin utsending.

– Full fres

Vokalist Thomas Norheim Moen tykte også dette var stor stas.

– Heilt supert. Først og fremst fordi det var så mykje folk, heilt stappfullt. Full fres, som ein seier. Det er lenge sidan me har spelt no, så kjekt å sjå så mykje folk ute; at publikum er med. Det er fleire år sidan det var slik stemning, folk verka klare for ein fest. Som å vera på gamle Stova med klissete golv.

For dei som ikkje kjenner Red Hot Chili Peppers så er eit særpreg den intensive songen der ein verkeleg må ha kontroll på tunga og stemmebanda for å syngja som vokalist Anthony Kiedis.

Og det meistra Norheim Moen i høgste grad.

– Det er tøft å syngja for det er så mykje ord, vanvitig med tekst. Og det er ikkje så teksten går opp att og opp att, for det er nye ord heile vegen. Så det har kravd litt øving. Men alt i alt gjekk det greitt, tykte eg.

– Gøy når det er så mykje folk

Han fortel han var litt skeptisk til å bli med i eit tributeband for akkurat Red Hot.

– Dei er eigentleg ikkje noko bra live, tykkjer eg. Det er i alle fall langt mellom dei verkeleg gode konsertane; dei er best på plate. Og eg skjønar kvifor.

Årdølene verka i alle fall strålande nøgde med både Funky Monks og heile Påskerock Tjue22.

– Veldig bra, god stemning og masse folk. Det er gøy når det er så mykje folk ute, seier Julie Moheim og Karine Moen i kor rett før palmelaurdag vart til palmesøndag.