Politiet melde om eit mindre trafikkuhell på ein parkeringsplass i Førde like etter klokka 17.00 måndag ettermiddag.
– Ein bilførar bomma på gass og brems og trefte ein annan bil. Det er ikkje meld om alvorlege personskader, opplyser politiet.
Innsatsleiar Trond Hatlenes seier til Firda at påkøyrselen skjedde i låg fart medan den andre stod i ro.
– Den eine kvinna var på veg ut av bilen då den vart påkøyrd. Ho er send til legesjekk, seier Hatlenes.
Begge førarane er kvinner i 60-åra.
Politiet vurderer no om dei skal oppretta sak på hendinga.
Kommentarer til denne saken