BERGENSAVISEN: – Folk trur nok eg er ko-ko, seier Halvor Folgerø (56).

Fredag gjekk han ut dørene hos NRK ein siste gong som fast tilsett. Noko som var rart og vemodig, fortel han.

– Har folk sagt du er ko-ko?

– Mange skjønner ikkje at eg vil slutte no og gå glipp av AFP. Men for meg handlar det om at eg ikkje kan leve eit liv der eg førebur meg på å bli gammal. Eg må gjere det eg vil, medan eg kan.

– Men det er klart det er nervepirrande, seier Folgerø.

Det nye livet

Dei siste åra har han skrive om farlege vestlandsvegar («Vestlandsvegar» i 2021 og «Fleire vestlandsvegar» i 2022) ved sidan av NRK-jobben.

Samtidig har Folgerø hatt fleire spelejobbar, mellom anna med Finn Erix der han speler fagott.

Det er det det blir meir av no som han ikkje lenger jobbar fast hos kringkastinga.

– Eg skal skrive meir, for forlaget vil det.

– Er det fleire farlege vestlandsvegar?

– Nei, så det er noko anna. Men det har eg ikkje så lyst til å snakke høgt om enno.

Sjølv om han hadde siste arbeidsdag hos NRK førre veke, har han ikkje teke seg ein pust i bakken. Nei, det å drive for seg sjølv har vore travelt frå vekestart.

Denne veka er han på Den Nationale Scene og bidreg musikalsk på barneframsyninga «Lille Bert og Lille Ben» på dagtid. Tre kveldar skal han vere vikar på «Heimatt» på Det Vestnorske teateret.

– Fekk kjeft

Men la oss mimre litt. Kva hugsar Folgerø best frå dei 32 åra sine i statskanalen?

Han nemner «MedieMenerne» frå tidleg 2000-talet, der dei diskuterte aktuelle sakene i nyheitsbildet.

– Den gong fekk eg ein del kjeft av journalistar, for dei var ikkje vande til at mediesaker skulle diskuterast av eit fast panel. Dei sakna debatt og meinte folk ikkje var sinte på kvarandre, ler Folgerø.


Det absolutt gøyaste, som han nemner fleire gonger, var «Radio Røynda». Eit humorprogram han laga med Finn Tokvam og Odd Erik Lothe.

– Det å få reise rundt med kompisane sine for å tulle og tøyse … Det er ikkje alle forunnte. Vi fekk i tillegg betalt!

Han har også jobba som reporter og ankar på Vestlandsrevyen. Det har han også mange gode minne frå, men det er også her dei sterke opplevingane har funne stad.

– Som Turøy-ulykka, seier Folgerø og kikkar ut i rommet.

Han hugsar det godt.

– Det var ei veldig sterk oppleving å vere der.

Sa opp for andre gong

Sjølv om han no sa opp i NRK, er det faktisk ikkje første gong. Han sa også opp i 2006.

– Då vart eg lokka over, som fleire andre, til Bergens Tidende som skulle satse på TV, forklarer han.

Men det vart berre ein «snarvisitt». For eit knapt år seinare var han tilbake hos statskanalen igjen.

No ventar ein vår med musikk, skriving. Han skal med Olav Stedje, Finn Tokvam og Odd Erik Lothe på turné. Han skal rundt med Finn Tokvam og spele for eldre gjennom den Kulturelle Spaserstokken.

Denne våren kjem også ein ny sesong av «Eides språksjov» på NRK, som han har jobba med så lenge det har gått på TV.

Til hausten kjem det seks nye program, stadfestar programsjef i NRK Vest, Kristin Ytre-Arne til BA. Folgerø har meldt seg klar til dyst i eit engasjement for innspelinga, fortel han.

– Eg trur dette skal gå bra, eg, smiler 56-åringen.

– Og travelt!