Lokalt politi har torsdag vore ute og kontrollert bilistar, og det er høg fart dei har slått ned på denne gong.

Sogndal politistasjon gjennomførte fartskontrollen på fv. 55 på Hafslo i løpet av kvelden.

På kontrollstaden er det 70-sone, og fleire trakka for hardt på gassen der.

11 førarar fekk forenkla førelegg, og høgste fart var 92 km/t.