Gå til sidens hovedinnhold

To varebilar vart henta inn til kontrollplassen

Statens vegvesen hadde måndag kveld kontroll på Håbakken i Lærdal.

Eitt vogntog fekk køyreforbod inntil lasta var forskrifts messing sikra.

Ein vogntogførar måtte ut med 1000 kroner for brot på køyre og kviletida. Firma fekk 2000 kroner for same brotet

To varebilar kom ikkje til kontrollplass men stoppa ved busstoppen. Dei vart henta og orienterte om at dei var plikta å stoppa for skilta kontroll.

Det vart skreve teknisk mangel for sprokken frontrute på ei trekkvogn.

Ein førar måtte byta ein del stropper på lasta då desse var nytta som grimesurring og hadde ein del skadar. Dette svekkja stroppene og desse måtte bytast før vidare køyring.

Ein førar vart meld til politiet for brot på køyre og kviletida. I tillegg til dette vart han pålagd å ta 45 timar vekekvile før han kunde fortsetja turen. Brota på køyre og kviletida kvalifiserte og til eit gebyr for føraren på 4000 kroner og firma 8000 kroner. Dette må betalast før turen kan halda fram, opplyser Statens vegvesen.

Kommentarer til denne saken