To til legevakt etter påkøyrsle i Sogndal

Politiet melder kl. 13:50 om ei trafikkulukke i Helgheimsvegen i Sogndal.

Publisert 03.12.2019 kl. 13.56. Oppdatert kl. 15.06.

Det skal vera snakk om påkøyrsle bakfrå, som inntrefte litt etter kl. 13:30 i nærleiken av Rones barnehage.


Ambulansen er komen til staden og tek med seg to personar til legevakta.


Kl. 14:00 melder politiets operasjonssentral at politiet er kome til staden, og at det skal vera grei passasje for trafikken.


Les meir om: Nyhende Sogndal Trafikk