Gå til sidens hovedinnhold

To til legesjekk etter branntilløp

Natt til onsdag, rundt klokka 03.30, rykte brannvernet ut etter melding om branntilløp på ei privat adresse i Førde.

- Branntilløpet var i eit kleskåp. Det var tre personar på adressa, to vaksne og eitt barn. To av dei vart utsette for ein del røyk og vart sende til helsesjekk, opplyser operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt. Operasjonsleiaren fortel at politiet har vore på staden og gjort undersøkingar, og at det vert oppretta sak.

Kommentarer til denne saken