Gå til sidens hovedinnhold

To smitta, tre isolerte og ni i karantene

Smittekjelda er ikkje avklara.

Søndag melder Sogndal kommune at éin ny person er stadfesta smitta av koronaviruset.

– Personen er no isolert og to nærkontaktar er sette i karantene. Det har vorte utført hurtigtesting på 10 personar der alle var negative. Smittekjelda er ikkje avklart og smittesporinga er ikkje avslutta.

Det er den andre positive prøva på to dagar i kommunen. Laurdag melde kommunen at ein person hadde vore på reise og blitt smitta utanfor kommunen. Denne personen er no isolert og tre nærkontaktar sett i karantene.

Les også

Andre smitta på to dagar i Sogndal: – Som forventa

Kommentarer til denne saken