To sjåførar stakk frå trafikkontroll

Publisert 13.08.2019 kl. 14.42.

To førarar av vogntog vart melde til politiet fordi dei ikkje stoppa for skilta trafikkontroll på Håbakken i Lærdal tysdag. 


Statens vegvesen opplyser at eit transportføretak er meldt til politiet grunna manglande løyve til persontransport. Same føretak fekk bruksforbod av same grunn på i kontroll på Fagernes tidlegare i månaden.


Ein bussjåfør fekk pålagt å gjennomføra vekekvile på minimum 45 timar før vidare køyring. 


Det var 122 køyretøy inne på kontrollplassen og 10 kontrollerte køyretøy. 


Det vart også delt ut tre overlastgebyr i kontrollen. Desse var på 2.450 kroner, 3.350 kroner og 4.700 kroner. 


 


 


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal Trafikk