To personar vart sette av Sognebåten

SETTE AV: To personar måtte forlata expressbåten då det vart kjend at dei hadde vore på konferanse saman med ein person med korona-virus.

SETTE AV: To personar måtte forlata expressbåten då det vart kjend at dei hadde vore på konferanse saman med ein person med korona-virus. Foto:

To personar vart sette av ekspressbåten frå Bergen til Sogn tysdag kveld.

DEL

Grunnen er at dei hadde vore på ein konferanse der ein deltakar har fått stadfesta koronavirus.

– Dei vart oppringd om dette medan dei var på båten og kontakta betjeninga på båten, seier kommunikasjonsrettleiar i Norled, Nikolas Dale Skjerping.

Alle dei 33 som var på konferansen fekk beskjed i går kveld om at dei måtte i karantene.

Fekk beskjed om at alle måtte i karantene

Norled kontakta smittevernlege og kommuneoverlege Leiv Erik Husabø i Sogndal kommune og Haukeland sjukehus då dei fekk beskjeden.

– Først fekk dei beskjed om at heile båten måtte stengjast ned og folka måtte i karantene, og passasjerane vart informerte om dette, seier Skjerping.

Dei to passasjerane vart sette av båten.

Vaska ned heile båten

– Helsemyndigheitene endra så meining, då dei to personane ikkje hadde vore i nærkontakt med personen som har fått stadfesta korona, seier Skjerping.

Norled valde likevel å vaska ned heile båten.

– Me sette i gong våre rutinar for tryggleiken si skuld.

Ingen av dei andre passasjerane på båten måtte settast i karantene.

– Dei har fått beskjed om at om dei opplever symptom, så skal dei ta kontakt med helsepersonell. Men det er lite sannsynleg at dei kjem til å verta sjuke, seier Skjerping,

– Me handterte dette etter beredskapsplanen som er laga og vel å informera passasjerane om kva me veit på det aktuelle tidspunktet, seier Skjerping.

Artikkeltags