To personar til sjukehus etter scooterulukke

DEL

To personar er sende med luftambulanse til sjukehus etter ei scooterulukke nær Østerbø fjellstove i Aurland fredag kveld.

Politiet melde først at ein person var skadd, og at den skadde blødde frå munn og nase. Personen var vaken.

Klokka 23.33 melder politiet at to personar er sende til sjukehus. Den eine er send til Haukeland universitetssjukehus, den andre er send til Førde sentralsjukehus.

– Skadeomfanget er ukjent, men dei var bevisste, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Totalt tre personar var involverte i ulukka, og den tredje personen er uskadd.

– Dei tre er alle menn i 40- og 50-åra, seier Hausvik.

Hendingsforløpet er førebels ikkje kjent.

Politiet opplyste om ulukka klokka 22.16, etter å ha fått melding frå AMK klokka 21.59. Ulukka skal ha skjedd 400-500 meter frå Østerbø fjellstove.

Naudetatane rykte ut, og seint fredag kveld var politiet framleis på staden.

Artikkeltags