KABELVIK: Det utvikla seg røyk frå eit bustadhus i Kabelvik i Vik onsdag ettermiddag. (Skjermdump google maps)

To personar kom seg ut - har funne brannkjelda

Ein mann køyrd til lege for sjekk etter å ha pusta inn røyk.

Publisert 10.10.2018 kl. 16.04. Oppdatert kl. 17.44.

Alarmsentralen melder om røykutvikling i ein bustad i Fjordavegen i Kabelviki i Vik.


To personar skal ha komme seg ut, skriv politiet. Mannen er køyrd til legevakt for sjekk etter å ha pusta inn røyk.


Ei kvinne er sjekka på staden og skal ikkje vera skadd.


Det er ingen flammar på staden no, men framleis ein del røykutvikling, seier Frode Eide, vakthavande ved Alarmsentralen i Florø.


Han fortel at alt mannskap frå Vik er sendt ut til staden i tillegg er det henta bistand frå Leikanger.


Brannen vart meld like før klokka 15.30 onsdag.


Brannkjelda

Alarmsentralen opplyser til Sogn Avis klokka 16.50 at dei framleis jobbar på staden med fullt mannskap.


Dei kan ikkje slå fast at det er kontroll på brannen, men det er heller ikkje gitt beskjed om at det er trong for meir mannskap.


- Det vert jobba med røykdykkarar og det er meldt attende til oss at dei har funne brannkjelda, seier vaktleiar Frode Eide som ikkje har fått kjennskap til kva brannkjelda er.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende