To personar er smitta av koronavirus i Sogndal

TO SMITTA: Smittevernlege og kommunelege i Sogndal, Leiv Erik Husabø, stadfestar at to personar i Sogndal kommune har fått påvist koronamitte.

TO SMITTA: Smittevernlege og kommunelege i Sogndal, Leiv Erik Husabø, stadfestar at to personar i Sogndal kommune har fått påvist koronamitte. Foto:

Smitteverlege og kommunelege, Leiv Erik Husabø, stadfestar at det no er to personar som er smitta av koronaviruset i Sogndal kommune.

DEL

– Desse to personane har begge vorte smitta på private ferieturar. Dei har ikkje vore i same reisefølgje, og er smitta uavhengig av kvarandre, seier Husabø.

– Kan du seia kor mange som er testa for korona og ventar på prøvesvar no?

– Det er heilt få, svarar kommuneoverlegen.

Han legg til at ingen har vorte smitta av koronaviruset i Sogndal endå.

– Dei som har viruset har vorte smitta i utlandet, seier Husabø.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken