Dei to personane sat i ein utanlandskregistrert bil. I tillegg er fire skadde personar tekne med av ambulanse til Voss sjukehus. Skadeomfanget på desse personane er uvisst. Den eine personen er flogen vidare med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus.
Politiet skriv vidare at sannsynleg hendingsforløp er at ein bil har kome køyrande frå Voss i retning Bergen. Den har treft front mot front med ein bil og treft ytterlegare ein anna bil som kom køyrande i motsett retning.
Ulukka skjedde på E16 mellom Evanger og Voss, ved Seimsvatnet. Det er 70-sone på ulukkesstaden.
Politiet driv med åstadsundersøkingar på staden. Vegen kjem til å vera sperra for trafikk framover. Omkøyring via Granvin.