Det opplyser Helse Førde i ei pressemelding. Dei to nyaste tilfella har adresse Gloppen og Høyanger.
– Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse, vert det understreka.
NRK meiner å vita at dei begge er heimehøyrande i Kinn kommune.
Det er analysert til saman 463 testar til no denne helga, der altså fem har synt seg å vera positive.
For tida er ein einskild pasient innlagt i Helse Førde med covid-19.
Kommentarer til denne saken