To nye smittetilfelle i Voss herad

Ein bebuar på Vossestrand Omsorgstun har fått påvist korona.

DEL

Vedkomande er utan symptom, men vart testa i samband med overføring til ein institusjon i ein annan kommune. Vedkomande er alt på plass i institusjonen utanfor kommunen, og vert tatt hand om der, skriv Voss herad i ei pressemelding.

Kommuneoverlege Eystein Hauge har drøfta handteringa av den spesifikke situasjonen med Folkehelseinstituttet.

Vossestrand Omsorgtun har lister over kven som har besøkt vedkomande, og både besøkjande og familie vert følgt opp som nærkontaktar. Det same gjeld for tilsette som har vore i kontakt. Alle nærkontaktar vert sett i karantene, og testa.

Bebuarar som er på same avdeling får ikkje forlata avdelinga inntil vidare, og Vossestrand Omsorgstun er inntil vidare stengt for besøk.

Det er ukjent korleis bebuaren har fått smitta, og som ledd i smittesporinga vert alle bebuarar på Vossestrand Omsorgstun testa. Det er førebels ingen bebuarar med symptom på korona.

Torsdag kveld vart det også stadfesta eitt anna smittetilfelle. Denne personen har milde symptom. Voss herad kjenner heller ikkje smittekjelda til denne personen, og driv smittesporing. Dette tilfellet er ikkje kopla til Vossestrand Omsorgstun

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken