Gå til sidens hovedinnhold

To nye positive prøver i Årdal

Det er torsdag ettermiddag kome varsel om to nye positive prøver i Årdal.

Den eine er student som er smitta på studiestaden. Smittesporing er her avslutta, opplyser Årdal kommune i ei pressemelding.

Reiste med Valdresekspressen

Den andre positive prøven er på person som har vore i Oslo. Vedkomande reiste med Valdresekspressen frå Oslo til Årdal måndag 30. august med framkomst Øvre Årdal klokka 22.20.

Personar som har reist på denne ruta må vera merksam og testa seg ved symptom på covid-19, oppmodar kommunen, som opplyser at smittesporing pågår.

– Bruk munnbind

Me ser at det er auke i smitte fleire stader i landet og me ber om at folk som er på reise bruker munnbind, held avstand på 1 meter og testar seg ved symptom, skriv kommunen.

Kommentarer til denne saken