To nye personar er smitta: – Dei har milde til moderate symptom

TO NYE TILFELLER: I løpet av helga er det bekrefta to nye tilfeller av koronasmitte i Sogndal kommune, opplyser smittevernelge og kommunelege, Leiv Erik Husabø.

TO NYE TILFELLER: I løpet av helga er det bekrefta to nye tilfeller av koronasmitte i Sogndal kommune, opplyser smittevernelge og kommunelege, Leiv Erik Husabø. Foto:

Dei to personane som nyleg har fått påvist smitte av koronaviruset, har milde til moderate symptom.

DEL

Det seier smittevernlege og kommunelege i Sogndal, Leiv Erik Husabø.

– Dei fekk påvist smitte i løpet av helga.

– Har dei blitt smitta i utlandet eller lokalt?

– Det blir det jobba med å finna ut, og me har ikkje konkludert, men me trur at ein av personane er smitta lokalt.

Husabø understrekar at det likevel ikkje er snakk om smitte ute frå lokalmiljøet, men at vedkomande skal ha vore i kontakt med andre som har vore smitta.

Gamle Sogndal

Begge dei to smitta, tilhøyrande i gamle Sogndal kommune, er isolerte.

Totalt er det no fire personar som har fått påvist smitte i kommunen.

Dei to første som fekk påvist smitte i Sogndal kommune er no friskmelde.

Artikkeltags