To nye personar som vart testa på Voss i går, har fått stadfesta at dei er smitta av kononaviruset. Den eine personen er heimehøyrande på Austlandet, men er på besøk på Voss.

Vedkomande fekk testa seg hjå oss i samband med pågåande smittesporing i heimkommunen. Utover nærkontakt med eigen familie er det ikkje grunn til å tru at andre på Voss er eksponert.

Den andre personen er heimehøyrande på Voss, og i nær relasjon med ein av dei som testa positivt sist veke. Vedkomande har vore i karantene i denne perioden, og har fylgjeleg ikkje hatt kontakt med nokon andre.

Det er sidan koronautbrotet i mars registrert 45 smitta personar mellom innbyggjarar i Voss herad, skriv kommunen i ei pressemelding.