To melde til politiet etter trafikkontroll

Publisert 16.09.2019 kl. 15.04.

Statens vegvesen kontrollerte ni køyretøy på Håbakken kontrollstasjon måndag den 16. september.


Ein varebil med tillate totalvekt på 3500 kilo hadde 300 kilo overlast og måtte lasta om før vidare køyring.


Ein utanlandsk bussførar vart meldt til politiet for å ikkje stoppa for skilta kontroll.


Ein vogntogførar vart meldt til politiet for brot på køyre og kviletidsreglane.


Eit vogntog vart pålagt køyreforbod og omlasting då det var overlasta. Overlastgebyret vart på 6500 kroner.


Eit enkeltkøyretøy var for langt og måtte lasta om.


Eit køyretøy med spesialtransport måtte rettast opp før vidare køyring, samt at følgjebilane til transporten ikkje hadde utstyret som er påkravd for følgjebilar.


Les meir om: Nyhende Lærdal Trafikk

Siste saker Gå til framsida