Gå til sidens hovedinnhold

To koronasmitta på Meat Point

Sogndal kommune har sendt ut pressemelding om to uavhengige tilfelle av koronasmitte knytt til utestaden Meat Point i Sogndal.

Det er stadfesta to uavhengige tilfelle av koronasmitte hjå personar som var på utestaden Meat Point i Sogndal laurdag 17/7. Begge personane er testa i etterkant i andre kommunar på grunn av luftvegssymptom.

Kommunen oppmodar alle som var på Meat Point denne dagen om å testa seg snarast.

Personar som oppheld seg i Sogndal kan ta kontakt her. Personar som oppheld seg andre stader blir oppmoda om å ta kontakt med næraste teststasjon.

Kommentarer til denne saken