To husbrannar i Vestland natt til skjærtorsdag

DEL

Bygningar både i Hardanger og i Gloppen tok til å brenna natt til skjærtorsdag.

Vest politidistrikt melde om ein brann på Hestenes i Gloppen klokka 01.33. Klokka 02.34 var ingen meld sakna etter husbrannen, og til BT seier politiet at bebuarane ikkje var heime då det byrja brenna.

Huset var overtent, og naudetatane har jobba på staden utover natta.

I Odda i Ullensvang var det eit eldre hus som brann, og ingen var meldt sakna eller skadde. I 06-tida var naudetatane framleis på staden og dreiv sløkkjearbeid. Huset som brann var ikkje bebudd.

Artikkeltags