Gå til sidens hovedinnhold

To hjortar påkøyrde natt til tysdag

Politiet fekk melding om påkøyrde hjortar i Lærdal og Balestrand.

Det kan Eivind Hellesund på operasjonssentralen i Vest politidistrikt opplysa om tysdag morgon.

Han seier dei fekk melding om påkøyrd hjort både i Lærdal og Balestrand i løpet av natta.

– Det er ikkje melde om personskadar. Me har varsla viltnemnda i begge påkøyrslane og dei vil no ordna opp, seier Hellesund.

Det var elles ei stille og roleg natt for politiet i Sogn.

Kommentarer til denne saken