Hjorten lever utrygt om dagen på meir enn ein måte. Det er jakttid, og vegkryssing er heller ikkje å anbefala for dei firføtte.

– Ein hjort vart påkøyrd i Borlaug, men den sprang vidare, fortel operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Det gjekk greitt med førar, og viltnemnda vart kontakta for ettersøk.

Ein til og høg fart

Seinare på natta fekk politiet melding om nok ein hjortepåkøyrsel.

– Det var på Tangevegen ved Årdalstangen at eit vogntog trefte ein hjort. Den fekk knekt ein fot, og vart avliva, fortel Hausvik.

Natt til søndag var ein bilførar litt hard på gassen, men politiet var på plassen. Ein bil vart målt til 67 km/t i 50-sona forbi Sogndal folkehøgskule, noko som gav føraren 7800 kroner i forenkla førelegg. Det melder Sogndal politistasjon.