To fjellovergangar er opne

DEL

Status på vegar og fjellovergangar søndag morgon:

E16 Filefjell: Snø- og isdekke, stadvis redusert sikt. Kolonnekøyring kan blir innført på kort varsel. Klokka 05.30 var det -2 grader, liten kuling og snøbyger.

E39 Våtedalen, på strekninga Førde - Nordfjordeid: Eitt felt er stengd, etter snøraset som gjekk fredag ettermiddag.

Riksveg 13 Vikafjellet: Stengd på grunn av fare for ras og uvêr. Ny vurdering søndag klokka 10.00.

Riksveg 15 Strynefjellet: Stengd på grunn av fare for ras. Ny vurdering klokka 09.00.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke, stadvis redusert sikt på grunn av snøføyke. Store køyretøy bør bruka kjetting og kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel. Klokka 05.30 var det -4 grader, laber bris og lett snø.

Riksveg 50 Hol - Aurland: Stengd. Ny vurdering måndag. Det er stengd med bom mellom Nilsegard og Osebrekka. Rasa har gått ved Østerbø -Steinbergdalshytta.

Riksveg 53 Tyin - Årdal: Stengd på grunn av uvêr. Ny vurdering søndag klokka 12.00.

Riksveg 5600 Aranfjord - Vikøyri: Stengd på grunn av steinras. Ny vurdering søndag klokka 10.00.

Artikkeltags