Norled driftsvakt melder seint fredag kveld at to avgangar på ferjesambandet Mannheller – Fodnes laurdag morgon den 26. februar vert avlyste.

Avgangane det gjeld er på A-ruta klokka 06.00 og 06.20. Årsaka er at det er mannskap som har fått covid.