Gå til sidens hovedinnhold

To fekk skriftlege åtvaringar – elles ei roleg natt på kontrollstasjonen

Statens vegvesen kan melda om ei roleg natt på Håbakken kontrollstasjon natt til onsdag.

108 køyretøy var innom plassen, og seks vart plukka ut for nærare kontroll.

Ein førar kunne ikkje finna vognkortet til semitralle, og fekk skriftleg mangel på dette, og dessutan måtte han dokumentera råderett over køyretøyet for vidare køyring. Førar fekk og ein åtvaring for mindre brot på køyre- og kviletida.

Også ein anna sjåfør av eit vogntog fekk skriftleg åtvaring for brot på køyre- og kviletida.

Kommentarer til denne saken