– To bilar er involverte. Meldinga kom klokka 14.55 og det er ein del materielle skader og oljesøl på staden, seier Jan Ove Haga hjå 110 Vest.

Vegtrafikksentralen opplyser at vegen skal vera sperra på staden. Ulukka skal ha skjedd ved Kløvhola, melder Vegtrafikksentralen på Twitter.

– Tre personar er involverte. Alle er oppegåande, men sende til helse for sjekk, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Airbagane skal vera utløyste i begge bilane. Det er ikkje kjent kva som er grunn til kollisjonen.

Operasjonsleiar seier det er behov for bilbergar til ein av bilane.

Ved 15.45-tida er køyretøy i ferd med å bli sleppte forbi ulukkesstaden. Klokka 16.36 melder Vegtrafikksentralen at det er fri ferdsel på staden.