To bilar involvert i ulukke i Vik

ULUKKE: Ein av bilane fekk store skader i fronten.

ULUKKE: Ein av bilane fekk store skader i fronten. Foto:

Ein bil blei påkøyrt bakfrå i Svartasvoi, mellom Vangsnes og Vik sentrum tysdag ettermiddag.

DEL

Politiet melder om ulukka klokka 18.58. Det er ikkje meldt om personskade og politiet er på veg til staden, opplyser Vest politidistrikt på Twitter.

– Samanstøyten skal ha skjedd på ein oversiktleg stad og i låg fart. Airbag er løyst ut på den eine bilen. Me har fått beskjed om at det lek kjølevæske frå den eine bilen. Mest sannsynleg er det ingen personskade, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt. Politiet rykkjer ut til staden.

Det skal vera ein person i kvar av dei involverte bilane, opplyser operasjonsleiar.

Litt før klokka 19.30 blir det meldt om at det er manuell dirigering på staden og at bilbergar er på veg.

Artikkeltags