To bilar har kollidert på Filefjell

DEL

To bilar har kollidert front mot front på E16 Filefjell, på vestlandssida av fylkesgrensa.

- Me fekk melding om hendinga klokka 14.07, seier Stein Rune Halleraker, i Vest politidistrikt.

– Den eine bilen stod i ro, medan den andre var i rørsle, seier han og understrekar at ingen personar har kome til skade.

Hendinga fann stad ved nedre Smedalsvatnet, eitt felt er sperra og det er følgjeleg redusert framkomelegheit på staden.

Det skal vera mykje vind og dårleg sikt i område.

Artikkeltags