BESTEMT: Arne Johannessen, er leiar GDE (geografisk driftseining) Sogn og Fjordane. (Arkivfoto)

To av fire nye kjem til Sogndal

Arne Johannessen, politileiar i Sogn og Fjordane, har bestemt seg for kvar dei fire nye politistillingane skal plasserast.

Publisert 10.10.2018 kl. 15.43.

- Det er gjort etter drøfting i leiargruppa og med tillitsvalde, seier Johannesen.


Lyst ut

Det er i samband med budsjett for 2018 at Sogn og Fjordane fekk fire ny politistillingar. Desse skal lysast ut med tilsetjing frå 31.12.2018.


Fjaler lensmannskontor i Sunnfjord lensmannsdistrikt får ei stilling, Vågsøy lensmannskontor i Nordfjord lensmannsdistrikt får ei stilling, medan det går to stillingar til Sogndal lensmannskontor i Sogn lensmannsdistrikt.


 


Les meir om: Nyhende Politi

Siste saker Gå til framsida