(FIRDA): – Vi har fem fornærma i saka, som alle har meldt innbrota. Det var gjort innbrot i både garasjar og bilar, men det skal ikkje vere snakk om store verdiar.

Det fortel tenestadsleiar for politiet i Høyanger, Kristoffer Jorddal Lønning.

Ransaka adresse

Dei fleste av innbrota har skjedd på Dale, men dei fornærma bur ikkje i same gate.

Veka etter innbrota gjorde politiet undersøkingar, der dei mellom anna snakka med personar som bur i området. Dei kom med skildringar av ein mann som hadde luska rundt i gatene i Høyanger.

Basert på denne informasjonen fekk politiet løyve av retten til å ransake ei konkret adresse i bygda, der det bur ein mann i 40-åra.

– Der vart det gjort funn av nokre gjenstandar som vi meiner knyter mannen til innbrota, seier tenestestadsleiaren.

Vil ikkje forklare seg

Etter ransakinga vart mannen tatt inn til avhøyr, men han nekta å forklare seg. Politiet håpar å kunne gjennomføre eit nytt avhøyr av den mistenkte snart.

– Den mistenkte har ikkje plikt til å forklare seg, men det er jo hans sjanse til å kome med si side av saka, seier Jorddal Lønning.

Mannen har difor berre status som mistenkt i saka.

– Kan innbyggjarane i Høyanger vere trygge på at han ikkje gjer det igjen?

– Eg forstår at det følast utrygt når ein får innbrot på eigedommen sin, men slik det er no er det ikkje grunnlag for å varetektsfengsle nokon. Om det skulle skje igjen, må vi ta ein fortløpande vurdering.