Tiltalt for valdtekt - rettssak i oktober

Publisert 14.08.2019 kl. 10.59.

Ein mann i 40-åra busett i Sogn, må møta i Sogn og Fjordane tingrett tiltalt for å skaffa seg seksuell omgang ved vald eller truande åtferd.


Det var i januar i år at mannen skal ha slått ei kvinne i ansiktet og halde ho fast i håret, medan han gjennomførte samleie sjølv om ho verbalt og fysisk gjorde motstand.


Saka skal opp til hovudforhandling i tingretten i oktober og det er sett av tre dagar til saka.


Les meir om: Nyhende