MYKJE RESSURSAR: Både politi, ambulanse, helikopter og lokalt redningsmannskap deltok i redningsaksjonen i Brekkeberget. (Foto: Arne Veum)

Tilstanden framleis alvorleg

Tilstaden til basehopparen som trefte fjellveggen i Flåm i går kveld, er framleis alvorleg.

Publisert 29.06.2017 kl. 06.08. Oppdatert kl. 06.13.

Det opplyste Haukeland Universitetssykehus i ei pressemelding klokka 00.50 natt til torsdag. Politiet opplyser torsdag morgon at dei ikkje har høyrt noko meir om tilstanden til mannen.

Eit helikopter fekk løfta ut den skadde hopparen i går klokka 22.40 og flaug direkte til sjukehuset i Bergen.

Politiet opplyser at eit vitne meldte frå om hendinga, etter å ha sett at hopparen fekk problem.
Ambulanse, lokal lege, luftambulanse og redningshelikopter vart varsla og rykte ut til staden.ved Brekkeberget.

Tidlegare på kvelden omkom ein utanlandsk basehoppar i Gudvangen.