Gå til sidens hovedinnhold

Tilsett ved teststasjonen på Flesland var koronasmitta

Vedkomande har vore smitta på jobb, og smittesporing går no føre seg, opplyser Bergen kommune fredag.

Nærkontaktar blir kontakta og må i karantene.

– Det er liten fare for at reisande har vorte smitta, sidan dei tilsette brukar fullt smittevernutstyr når dei testar, seier smittevernoverlege Egil Bovim.

Han ber likevel reisande vere merksame på symptom og ha låg terskel for å testa seg. Teststasjonen har blitt vaska ned. Den vidare drifta er ikkje påverka.

Kommentarer til denne saken