Tilsett i Helse Førde testa positivt på korona

Ein tilsett ved Nordfjord sjukehus testa i fredag positivt på covid-19.

DEL

Det opplyser Helse Førde i ei pressemelding. Den tilsette er i heimeisolasjon og arbeidet med smittesporing og vernetiltak er i gang.

Den tilsette er ein svensk vikarlege som arbeider ved medisinsk avdeling.

- Me sette med ein gong i verk tiltak etter dei planane Helse Førde har for handtering av koronasmitte, og er i ferd med å få god oversikt over kontaktflata til den smitta, seier direktør ved medisinsk klinikk, Trine Hunskår Vingsnes i pressemeldinga.

Kartlegg smitte

Helse Førde har sidan den positive prøva vart kjend, arbeidd med å spora kva kontakt den tilsette har hatt med kollegaer og pasientar. Dei som har hatt med den smitta å gjera, blirkontakta av sjukehuset og informerte, og ved behov ta imot individuelle tiltak.

Pasientar som no treng innlegging, blir sende til Førde sentralsjukehus fram til situasjonen er avklara på Nordfjord sjukehus, går det fram av pressemeldinga.

Artikkeltags